Jobbeskrivelse
Gjer toll.no betre saman med oss!

Tolletaten er godt i gang med å tilby meir heilskaplege og målretta digitale tenester. Vil du vere med på å forbetre og vidareutvikle den viktigaste informasjons- og kommunikasjonskanalen til Tolletaten, toll.no? Vi søkjer no etter ein erfaren nettmeister (seniorrådgivar) som er ein dyktig innhaldsprodusent med digital teft.


Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er like enkelt som det er viktig: å sikre at varene som kryssar Noregs grenser til sjøs, på land og i lufta, er trygge og lovlege. Tolletaten er i utvikling og har en høg endringstakt særlig innen digitalisering. 


Vareførselsdivisjonen (VD), som er etablert med hovudkontor i Bergen, skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar. Divisjonen er i gang med endrings- og utviklingsprosjekt av ulik størrelse.


Stillinga er plassert i førebyggingsseksjonen, som ligg under brukardialogavdelinga. Visjonen vår er å skape gode brukaropplevingar og å sørgje for at det skal vere lett å gjere rett. Hos oss blir du ein del av eit engasjert og kompetent tverrfagleg miljø. Brukardialogavdelinga har mellom anna ansvar for å utvikle brukarvennlege og effektive digitale tenester gjennom tverrfagleg samarbeid med fagressursar i heile etaten. 

 

 

Arbeidsoppgåver 

Som nettmeister i Tolletaten vil du vere sentral i arbeidet med å sikre at all kommunikasjon frå etaten er klar, korrekt og tilgjengeleg for alle målgrupper. Stillinga har oppgåver både på strategisk og operativt nivå. Hovudoppgåvene dine vil vere 

  • å jobbe strategisk, heilskapleg og tverrfagleg med å forenkle, forbetre og vidareutvikle innhaldet i dei digitale brukartenestene til etaten med eit spesielt ansvar for toll.no
  • å tilpasse, målrette og publisere innhald i tråd med klarspråkprinsippa
  • å teste, vurdere og forbetre innhaldet for å sikre at det treffer målgruppene og bidreg til auka måloppnåing
  • å bidra til større forståinga for verdien av godt innhald og klarspråk i organisasjonen
  • å arbeide med søkjemotoroptimalisering (SEO), analyse og universell utforming for å sikre tilgjengeleg og effektiv kommunikasjon
  • å delta i arbeidsgrupper og prosjektarbeid

 

 

KvalifikasjonskravVi søkjer etter ein kandidat med svært god formidlingsevne og solide språkkunnskapar som ønskjer å bidra i vidareutviklinga av ein viktig informasjons- og kommunikasjonskanal.

Du har

  • relevant høgare utdanning, minimum på bachelornivå, gjerne med språkfag, kommunikasjon, journalistikk eller pedagogikk i fagkretsen
  • brei relevant erfaring (t.d. innanfor publisering, webutvikling, innhaldsstrategi og innhaldsarbeid)
  • nynorsk som arbeidsspråk og gode språkkunnskapar i bokmål og engelsk
  • erfaring med klarspråk og kommunikasjon i digitale flater 
  • teknisk forståing og kunnskap om universell utforming og publiseringsløysingar
  • erfaring med kanalstrategi og utvikling av nettsider

 

 

Ønskt kompetanse:

  • erfaring med webanalyse (t.d. Matomo, Google Analytics), SEO, brukarinnsikt og brukartesting 
  • erfaring med interaksjonsdesign og forståing for korleis funksjonalitet og brukarreiser heng saman 
  • erfaring med enkel visuell utforming av innhald, t.d. Figma
  • erfaring frå større tverrfaglege og fagrelevante prosjekt 

 

 

Personlege eigenskapar

  • du evnar å formidle komplekse problemstillingar på ein enkel og klar måte
  • du er strukturert og nøyaktig, også i periodar med korte tidsfristar
  • du er engasjert og truverdig, og du er fagleg trygg nok til å ta initiativ på tvers av fagmiljø
  • du er nysgjerrig, og du lyttar til andres perspektiv og deler dine eigne
  • du bidreg aktivt til å byggje gode relasjonar og eit miljø som er prega av openheit og utvikling

 

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i stillinga.

 

 

Vi tilbyr deg

  • ei spennande og utfordrande stilling i ein samfunnsviktig etat
  • lønn som seniorrådgivar, ut frå kvalifikasjonar og erfaring, frå 650 000 til 750 000 kroner (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
  • eit tverrfagleg og sosialt miljø 
  • pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse 
  • fleksibel arbeidstidsordning og høve til å bevege seg i arbeidstida
  • arbeidsstad i moderne kontorlokale i Solheimsviken med innandørs sykkelparkering, treningsrom, garderobar og tilgang til ei veldriven kantine

 

 

Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte seksjonssjef Stig Løland på mobil 414 49 986 eller avdelingsdirektør for brukardialogavdelinga Monica Nyhagebråten på mobil 922 30 777.

 

Søknadsfrist: 10.08.2025

 

 

Til deg som søker jobb i Tolletaten

Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.

Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

I Tolletaten meiner vi at mangfald og inkludering er ei styrke, og vi har nulltoleranse for trakassering og diskriminering. Vi er avhengige av medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og erfaringar for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Dersom du har hol i CV-en, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette då du kan ha rett til positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.

Informasjon på et øyeblikk
Arbeidsområde:  Kommunikasjon
Heltid/deltid:  Heltid
Stillingstittel:  Gjer toll.no betre saman med oss!
Sted:  Bergen
Søknadsfrist:  10.08.2025