Del annonsen

HR-rådgivar i vareførselsdivisjonen

Trivst du med å jobbe innanfor eit breitt spekter av HR-oppgåver?


Tolletaten sitt samfunnsoppdrag er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. Vareførselsdivisjonen skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer. Divisjonen er etablert med hovudkontor i Bergen.

 

Styringsstaben skal støtte divisjonsdirektøren i utøvinga av rollene som linjeleiar, arbeidsgivar og fagmyndigheit. Staben skal sikre heilskapleg styring og utvikling av divisjonen og bidra til effektiv og framtidsretta drift​ og kontinuerleg forbetringsarbeid i heile divisjonen​ effektiv oppgåveløysing, koordinering og heilskaplege løysingar​ kompetanseutvikling i tråd med behova til etaten​ medbestemming og varetaking av HMS​.

 

Styringsstaben skal vidare støtte divisjonsleiarane og bidra til å løyse oppgåver i samband med styring, planlegging, koordinering, analyse, rådgiving, rapportering og revisjon. 

 

Vi søkjer etter deg som har erfaring frå og trivst med rådgiving på HR-området, og som er god på kommunikasjon og samarbeid med leiarar og medarbeidarar. Du trivst i ei rolle som aktiv pådrivar og blir motivert av utviklingsarbeid.


Sentrale arbeidsoppgåver:

  • vareta arbeidsgivaransvar og medbestemming etter gjeldande avtaleverk
  • vareta samarbeid med verneteneste og ekstern BHT
  • bidra til organisasjonsutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • bidra til systematisk leiar- og medarbeidarutvikling
  • vere leiarstøtte i HR-faglege spørsmål, personalsaker og sjukefråværsoppfølging, rekrutteringsprosessar og onboarding-/offboarding-prosessar

 

Kvalifikasjonar: 

  • relevant mastergrad (svært god realkompetanse kan i spesielle tilfelle erstatte kravet om mastergrad)
  • relevant erfaring frå dei aktuelle fagområda
  • god kunnskap om relevant lov- og avtaleverk
  • erfaring med gjennomføring og bruk av HR-analysar

 

Personlege eigenskapar:

  • du har evne til å lytte og kommunisere godt med leiarar og medarbeidarar. 
  • du har evne til å planleggje, organisere og gjennomføre på ein strukturert og effektiv måte.
  • du er sjølvstendig og uthaldande med stor arbeidskapasitet.
  • du har høg fagleg og personleg integritet.

 

Vi tilbyr:

  • eit godt arbeidsmiljø med hyggjelege og kompetente kollegaer
  • eit interessant arbeidsfelt som du sjølv kan vere med og forme
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • lønn som rådgivar/seniorrådgivar, avhengig av bakgrunn og kvalifikasjonar, etter statens lønnsregulativ, lønnsspenn frå 500 000 til 650 000 kroner (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
  • arbeidsstad i moderne lokale i Bergen (Solheimsviken)

 

Vi utfører SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.
 

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingsdirektør Kari Christine Moldekleiv på tlf. 404 72 635.

 

Inkludering og mangfald
I Tolletaten er vi opptekne av mangfald, og vi ønskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. For å kunne utføre samfunnsoppdraget vårt best mogleg treng vi medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring og kompetanse og med ulike perspektiv. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Arbeidsområde:  HR
Heltid/Deltid:  Heltid
Stillingstype:  Fast
By: 

Bergen, NO, 5037

Søknadsfrist:  04.12.22