Jobbeskrivelse
Oppfølgings- og koordineringsansvarleg

Oppfølgings- og koordineringsansvarleg til Tolletatens samarbeidande aktørar

 

Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar. Samfunnsoppdraget vårt er like enkelt som deter viktig: å sikre at varene som kryssar Noregs grenser til sjøs, på land og i lufta, er trygge og lovlege. 

 

 

I tillegg til eige regelverk har Tolletaten oppgåver på vegne av andre myndigheiter, som forvaltar regelverk om grensekryssande vareførsel. Vi søkjer etter to nye medarbeidarar som vil ha et oppfølgings- og koordineringsansvar (OK-ansvarlig) for nokre av desse sektormyndigheitene. I Tolletaten er det meir enn 25 ansatte som har et tilsvarande ansvar, nokon jobber i eigen seksjon, men også i andre seksjonar og divisjonar. Din arbeidskvardag vil vere som del av juridisk seksjon i Bergen. 

 


Dersom du trives med samhandling, er god til å finne løysingar innanfor gjeldane regelverk, og søkjer ei rolle med eit sjølvstendig ansvar, vil dette vere samanfallande med det vi søkjer. 
Rett kandidat har også kunnskap frå Tolletatens fagområde som ein tek med seg inn i stillinga. 

 

 

Kva går jobben ut på? 


Som oppfølgings- og koordineringsansvarleg får du bidra til å vidareutvikle samarbeidet mellom Tolletaten og ulike samarbeidande aktørar. Du vil representere Tolletatens interesser, og bidra til at vi saman kan levere på samfunnsoppdraget. 

 


Sentrale arbeidoppgåver:

  • ivareta det løpande samarbeidet med aktuelle samarbeidande aktørar
  • bidra til at regelverk og prosedyrar for grensekryssande vareførsel blir følgde gjennom å legge til rette for operativt samarbeid mellom etatane og internt
  • bidra til å svare ut høyringar 
  • bidra til å auke kunnskap om og operasjonalisere regelverk som Tolletaten handhevar på vegne av sektormyndigheiter
  • bidra til utforming og vedlikehald av rettleiarar og styrande dokument innanfor divisjonens ansvarsområde
  • delta i arbeidsgrupper 

 

Som rådgivar/førstetollinspektør vil du i den første tida jobbe tett saman med ein oppfølgings- og koordineringsansvarleg i seksjonen. For seniorrådgivar/tolloverinspektør vil du få eige oppfølgings- og koordineringsansvar for dei aktørane du sjølv følgjer opp.

 

Ein må rekne med noko reising. 

 

 

Dine kvalifikasjonar:

  • bestått fordjupningsnivå på Tolletatens kompetansesenter eller bachelor og relevant erfaringg
  • god kompetanse innanfor Tolletatens fagområde
  • for stilling som tolloverinspektør/seniorrådgivar er det krav om svært god realkompetanse
  • god fagleg kunnskap og godt fagleg skjønn 
  • gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg (norsk og engelsk) 

 

 

Det er ønskelig med: 

  • erfaring med saksbehandling, gjerne frå det offentlege
  • interesse og forståelse for regelverk i utvikling, både nasjonalt og EU-regelverk 
  • kjennskap til TVINN og prosedyrer ved deklarering 
  • erfaring frå tverrfagleg samarbeid

 

 

Dine eigenskapar: 

  • du har gode samarbeidsevner, lyttar og bidrar til godt samarbeid med både interne og eksterne. Du er inkluderande og omgjengeleg
  • du liker å ta initiativ, og tar ansvar for å sikre framdrift i eigne saker
  • du trivst med å handtere mange oppgåver samtidig og gjer gode prioriteringar
  • du er trygg i eigen rolle, og leverer god kvalitet innanfor fristar
  • vi legg stor vekt på personlege eigeskapar.

 

 

Vi tilbyr:   

  • spennande og varierte arbeidsoppgåver, vil du vite meir i forkant av din søknad til oss er du velkommen til å ta kontakt
  • eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, her samarbeider vi godt om et felles viktig samfunnsoppdrag  
  • fleksitid og høve for bevegelse i arbeidstida (BiA - ein time i veka), tilsette melder tilbake om en god balanse mellom jobb og fritid
  • stilling som førstetollinspektør/rådgivar med lønn 580– 650 000 avhengig av kompetanse og erfaring. For stilling som tolloverinspektør er det krav om svært god realkompetanse.  
  • stilling som tolloverinspektør/seniorrådgivar 650 – 740 000, avhengig av kompetanse og erfaring. For stilling som tolloverinspektør er det krav om svært god realkompetanse. For særleg godt kvalifiserte søkjare kan høgare løn vurderast
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse, les gjerne meir på www.spk.no dersom du ikkje er kjent med dette frå tidlegare
  • arbeidsstad i moderne kontorlandskap på Danmarksplass i Bergen, med tilgang til sykkelparkering, garderobar, treningsrom og ei veldriven kantine

 

 

Ved tilbod om tilsetjing må du kunne legge fram uttømmande politiattest.

 

 

Til deg som søker jobb i Tolletaten

Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.

Du må fylle ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og laste opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

I Tolletaten meiner vi at mangfald og inkludering er ei styrke, og vi har nulltoleranse for trakassering og diskriminering. Vi er avhengige av medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og erfaringar for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Dersom du har hol i CV-en, funksjonsnedsetting eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette då du kan ha rett til positiv særbehandling. Les meir om dette på arbeidsgivarportalen.

Informasjon på et øyeblikk
Arbeidsområde:  Tollfaglige
Heltid/deltid:  Heltid
Stillingstittel:  Førstetollinspektør/Tolloverinspektør
Sted:  Bergen
Søknadsfrist:  02.02.26