Rådgivar/seniorrådgivar - næringslivskontakt

Har du eit sterkt samfunnsengasjement og trivst i dialog med næringslivet?


Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. I tråd med verksemdsstrategien til etaten skal digital dialog og tidleg informasjonsinnhenting gi rask, effektiv og korrekt handtering av varestraumane. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering.


Vareførselsdivisjonen (VD) skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar og er etablert med hovudkontor i Bergen. Divisjonen står framfor mange utviklingsoppdrag, og vi er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.


Brukardialogavdelinga har eit nasjonalt ansvar for brukardialogen til Tolletaten. Vi i førebyggingsseksjonen styrkjer arbeidet vårt retta mot næringslivet og søkjer derfor etter to kollegaer som skal arbeide med å strukturere brukarbehov og følgje opp interessentar. Dei rette kandidatane vil få ein variert arbeidskvardag i ein tverrfagleg etat. 


Sentrale arbeidsområde
Arbeidskvardagen din vil i stor grad vere prega av samhandling, både internt og eksternt. Du vil representere etaten, og det krev høg grad av profesjonalitet og integritet. Du må kunne arbeide målretta og systematisk, og du må ha erfaring frå prosjekt-/prosessarbeid. Vidare kjem du til å

 

  • ha ansvar for interessenthandtering i prosjekta til divisjonen 
  • byggje nettverk og ressursgrupper i næringslivet for å innhente brukarbehov
  • bidra til brukaroppfølging etter avslutta prosjekt
  • følgje opp og operasjonalisere kommunikasjonsplanar og forvaltinga av desse
  • samarbeide med kommunikasjonsmiljø og andre fagmiljø i etaten om relevante tiltak

 

Lista over oppgåver er ikkje fullstendig og vil bli tilpassa ulike fasar og behov i divisjonen.


Kvalifikasjonskrav

  • fullført relevant høgare utdanning, til dømes innanfor kommunikasjon, pedagogikk eller samfunnsvitskap eller tollfagleg etatsutdanning med relevant erfaring innanfor ansvarsområdet til stillinga
  • for stillinga som seniorrådgivar: minst fem års relevant erfaring, mellom anna som prosjekt-/prosessleiar
  • erfaring med å følgje opp nettverk, til dømes som næringslivskontakt
  • erfaring med interessenthandtering
  • fordel med variert erfaring frå prosjektarbeid/prosessleiing

 

Eigenskapane dine

  • Du trivst med å utforske og definere korleis ting best kan fungere. 
  • Du har gode kommunikasjonsevner i endringsprosessar
  • Du trivst med å leggje til rette for gode møtearenaer og vere i dialog med brukarar.
  • Du viser initiativ og tek eit heilskapleg ansvar i arbeidet.
  • Du har gode analytiske eigenskapar og trivst med å drive prosessar fram mot ei løysing.
  • Du kan vise til resultat gjennom målretta og systematisk arbeid.

 

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø i ein seksjon som jobbar tverrfagleg og tett på næringslivet
  • arbeid med eit viktig samfunnsoppdrag, med gode høve til utvikling gjennom ulike oppgåver som er tilpassa kompetansen din
  • ryddige pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • moderne kontorlokale i Solheimsviken med sykkelparkering, garderobar og tilgang til ei godt driven kantine
  • lønn som rådgivar, kr 540 500–657 300, eller seniorrådgivar, kr 657 300–745 000, avhengig av kompetanse og erfaring (for særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)

 

Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef for førebyggingsseksjonen, Stig Løland, på telefon 414 49 986.

 


 

Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

 

Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

 

Mangfald og inkludering

Tolletaten meiner at mangfald og inkludering er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike bakgrunnar, kompetansar, erfaringar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Mangfald bidreg til auka kreativitet, betre avgjerdsprosessar, større fleksibilitet og styrkjer kulturen og arbeidsmiljøet vårt. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene bli invitert til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må du oppfylle krava til positiv særbehandling. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgjevarportalen. Dersom du har behov for individuell tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet, vil vi prøve å imøtekome dette så langt det let seg gjere.

Arbeidsområde:  Kommunikasjon
Heltid/Deltid:  Heltid
Stillingstype:  Fast
By: 

Bergen, NO, 5037

Søknadsfrist:  17.11.24