Rådgiver/seniorrådgiver Utviklingsstab
Ønskjer du å ta ei sentral rolle i utviklinga av gode og framtidsretta digitale løysingar i ein offentleg etat med ein viktig samfunnsfunksjon?
Tolletaten søkjer etter forretningsutviklar – rådgivar/seniorrådgivarar til vareførselsdivisjonen – utviklingsstaben
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. I tråd med verksemdsstrategien til etaten skal digital dialog og tidleg informasjonsinnhenting gi rask, effektiv og korrekt handtering av varestraumane. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering.
Vareførselsdivisjonen (VD) skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar og er etablert med hovudkontor i Bergen. Divisjonen står framfor mange utviklingsoppdrag, og vi er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.
Vi er ein tverrfagleg etat som samarbeider om vårt felles samfunnsoppdraget. Utviklingsstaben (VDU) skal støtte divisjonsdirektøren i rolla som prosess- og prosjekteigar og skal dessutan vere eit kompetansemiljø for prosjektleiing og utviklingsstøtte i divisjonen. VDU har ei sentral rolle i etaten sin kontinuerlege og omfattande innsats for å vidareutvikle digitale løysingar for grensepassering, informasjonsutveksling, deklarasjon o.a. Divisjonen har for tida fokus på å bidra til å utvikle og ta imot driftsansvaret for diverse løysingar/tiltak knytte til «Digitoll».
Sentrale arbeidsoppgåver
Vi tilbyr spennande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i endring. Du må rekne med å bli involvert i alle arbeidsoppgåver som ligg til stabsfunksjonen. Du skal:
- bidra med prosjektleiing og/eller prosjektstøtte
- ha tilretteleggings- og pådrivaransvar for diverse utgreiingsarbeid og utviklingstiltak
- leggje til rette for eit godt tverrfagleg samarbeid med både interne og eksterne aktørar
- bidra med relevant leiarstøtte i samband med planlegging og gjennomføring av utviklings- og innføringsprosjekt, endringsprosessar og gevinstrealisering
Kvalifikasjonar
- fullført relevant mastergrad (dokumentert god og relevant realkompetanse kan erstatte kravet om mastergrad)
- svært gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Seniorrådgivarar må kunne dokumentere erfaring frå prosess-/prosjektleiing.
Det er krav at du har erfaring frå eitt eller fleire av desse kompetanseområda:
- utviklingsarbeid
- utgreiingsarbeid
- innføring av digitale løysingar
- kontinuerleg forbetringsarbeid
Eigenskapane dine
- Du er nytenkjande og initiativrik og blir motivert av å bidra til å etablere framtidig «beste praksis» innanfor offentleg forvalting.
- Du er analytisk og har evne til å setje deg raskt inn i nye problemstillingar og til å tenkje heilskapleg.
- Du leverer med jamt høg kvalitet innanfor gitte tidsfristar og rammer.
- Du er sjølvstendig, men fungerer òg godt i team.
- Du har svært god rolleforståing og veit kva det inneber å fungere i ein stabsfunksjon.
- Du er fleksibel og viser vilje til å ta på deg nye utfordringar og komplekse oppgåver.
- Du evnar å identifisere nødvendige steg i ulike utgreiings- og utviklingsprosessar og ikkje minst ta ansvar for å strukturere dei og drive dei framover
Vi tilbyr
- gode høve til utvikling
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- ein sjanse til å bidra til å optimalisere utføringa av tollbehandlinga i Noreg
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstidsordning med høve til å ha heimekontor etter nærmare avtale og til å trene i arbeidstida
- arbeidsstad i Bergen – i periodar må du rekne med at det blir ein del reising
- lønn som rådgivar/seniorrådgjevar etter statens lønnsregulativ, 624 500 - 796 600 kr avhengig av bakgrunn og kvalifikasjonar (for særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)
Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte avdelingsdirektør Kim Sperstad på tlf. 944 35 688.
Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.
Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Mangfald og inkludering
Tolletaten meiner at mangfald og inkludering er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike bakgrunnar, kompetansar, erfaringar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Mangfald bidreg til auka kreativitet, betre avgjerdsprosessar, større fleksibilitet og styrkjer kulturen og arbeidsmiljøet vårt. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene bli invitert til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må du oppfylle krava til positiv særbehandling. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgjevarportalen. Dersom du har behov for individuell tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet, vil vi prøve å imøtekome dette så langt det let seg gjere.
Bergen, NO, 5037