Seniorrådgivar kommunikasjon

Er du samfunnsengasjert og oppteken av god kommunikasjon?

 

Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. I tråd med verksemdsstrategien til etaten skal digital dialog og tidleg informasjonsinnhenting gi rask, effektiv og korrekt handtering av varestraumane. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering.

 

Vareførselsdivisjonen (VD) skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for både næringslivet og privatpersonar og er etablert med hovudkontor i Bergen. Divisjonen står framfor mange utviklingsoppdrag, og vi er i gang med fleire endrings- og utviklingsprosjekt.

 

Brukardialogavdelinga har eit nasjonalt ansvar for brukardialogen til Tolletaten. Vi utvidar teamet vårt i førebyggingsseksjonen og søkjer etter deg som har solid kompetanse innanfor kommunikasjon, og som kan bidra til at vareførselsdivisjonen aktivt kan påverke igangverande og framtidige prosjekt og den daglege drifta. 

 

Sentrale arbeidsområde

Arbeidskvardagen din vil vere prega av utstrekt samarbeid på tvers i organisasjonen. Du må raskt kunne setje deg inn i kompleks og fagleg tematikk, og du må kunne planleggje og kommunisere dette forståeleg i ulike kanalar. Vidare kjem du til å 

 

  • arbeide systematisk med kommunikasjon som verkemiddel internt og eksternt
  • delta i prosjekt der du skal sørgje for å utvikle og følgje opp kommunikasjonsstrategien og kommunikasjonsplanen 
  • planleggje og gjennomføre kommunikasjonstiltak og utarbeide og revidere interessentanalysar
  • identifisere ulike målgruppers behov for ein presis bodskap
  • yte kommunikasjonsfagleg rådgiving

 

Organisasjonen er i stor endring, og det kan bli aktuelt med andre oppgåver og ansvarsområde. 

 

Kvalifikasjonskrav

  • fullført relevant mastergrad – bachelorgrad og dokumentert relevant kompetanse kan etter ei konkret vurdering erstatte kravet om mastergrad
  • brei erfaring frå kommunikasjonsarbeid, gjerne frå offentleg verksemd
  • erfaring med kommunikasjonsarbeid i endringsprosessar og/eller prosjektarbeid
  • erfaring med å skrive nyheitssaker og anna innhald til intranett og andre kanalar

 

Det er ein fordel om du meistrar nynorsk som arbeidsspråk og har kunnskap om og erfaring med klarspråksarbeid.


Eigenskapane dine
Du har svært gode kommunikasjonsferdigheiter og svært god evne til å forenkle komplekse bodskap, både munnleg og skriftleg. 

 

  • Du viser initiativ og tek eit heilskapleg ansvar i arbeidet.
  • Du er aktivt oppsøkjande og har evne til å byggje tillit eksternt og internt.
  • Du er nysgjerrig og open og har evne til å gjere moglegheiter om til konkrete tiltak.
  • Du er mål- og resultatorientert og har god og dokumenterbar gjennomføringsevne.


Vi tilbyr

  • ein dynamisk og tverrfagleg arbeidskvardag med engasjerte kollegaer
  • arbeid med eit viktig samfunnsoppdrag og gode høve til å utvikle seg 
  • ryddige pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning
  • moderne kontorlokale i Solheimsviken med sykkelparkering, garderobar og tilgang til ei godt driven kantine
  • lønn som seniorrådgivar, kr 657 300 til 745 000, avhengig av kompetanse og erfaring (for særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)

 


Nærmare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte seksjonssjef for førebyggingsseksjonen, Stig Løland, på telefon 414 49 986.
 

 

Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

 

Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

 

Mangfald og inkludering

Tolletaten meiner at mangfald og inkludering er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike bakgrunnar, kompetansar, erfaringar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Mangfald bidreg til auka kreativitet, betre avgjerdsprosessar, større fleksibilitet og styrkjer kulturen og arbeidsmiljøet vårt. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene bli invitert til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må du oppfylle krava til positiv særbehandling. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgjevarportalen. Dersom du har behov for individuell tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet, vil vi prøve å imøtekome dette så langt det let seg gjere.

Arbeidsområde:  Prosjektarbeid
Heltid/Deltid:  Heltid
Stillingstype:  Fast
By: 

Bergen, NO, 5037

Søknadsfrist:  17.11.24