Seniorrådgiver

Seniorrådgivar i styringsstaben, vareførselsdivisjonen


Vi ser etter deg som har erfaring med å koordinere og samarbeide på tvers, både internt og eksternt. Du må òg vere strukturert og god til å halde i fleire saker samtidig. 
Styringsstaben skal støtte divisjonsdirektøren i utøvinga av rollene som linjeleiar, arbeidsgivar og fagmyndigheit og sikre heilskapleg styring og utvikling av divisjonen. 

 

Sentrale arbeidsoppgåver

  • støtte divisjonsleiinga og avdelingane og bidra til å løyse oppgåver i samband med styring, planlegging, rapportering og revisjon
  • hjelpe med utgreiingar og kunnskapsinnhenting
  • bidra til koordinering og samarbeid på tvers, både internt og eksternt
  • medverke i prosessane rundt strategi-, plan- og rapporteringsarbeidet til divisjonen 
  • delta i utviklings- og prosjektarbeid

 

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning på masternivå (bachelorgrad og svært god og brei realkompetanse innanfor ansvarsområda til vareførselsdivisjonen kan erstatte kravet om mastergrad)
  • svært god erfaring med og kompetanse i utgreiingsarbeid og kunnskapsinnhenting
  • gode formidlingsevner både skriftleg og munnleg 

 

Eigenskapane dine

  • du er strukturert og analytisk.
  • du har god organisasjons- og heilskapsforståing.
  • du er sjølvstendig og initiativrik og har stor arbeidskapasitet.
  • du har god rolleforståing og svært gode samarbeidsevner.

 

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar 
  • interessante og spennande arbeidsoppgåver 
  • pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstidsordning 
  • lønn som seniorrådgivar etter statens lønnsregulativ, lønnsspenn frå kr 720 000 til 800 000 (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast) 
  • arbeidsstad i moderne lokale sentralt i Bergen

 

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingsdirektør Kari Christine Moldekleiv på tlf. 404 72 635.
 

Bakgrunnssjekk
Vi nyttar Semac bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

 

Krav til søknaden
Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

 

Mangfald og inkludering

Tolletaten meiner at mangfald og inkludering er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike bakgrunnar, kompetansar, erfaringar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Mangfald bidreg til auka kreativitet, betre avgjerdsprosessar, større fleksibilitet og styrkjer kulturen og arbeidsmiljøet vårt. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene bli invitert til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må du oppfylle krava til positiv særbehandling. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgjevarportalen. Dersom du har behov for individuell tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet, vil vi prøve å imøtekome dette så langt det let seg gjere.

Arbeidsområde:  Strategi og utvikling
Heltid/Deltid:  Heltid
Stillingstype:  Fast
By: 

Bergen, NO, 5037

Søknadsfrist:  04.11.2024