Del annonsen

Seksjonsjef til prosedyreseksjonen i Trondheim

Har du lyst til å initiere og bidra til utvikling i ein seksjon med varierte og spennande oppgåver?

 

Tolletaten søkjer seksjonssjef til prosedyreseksjonen i Trondheim.

 

Tolletaten sitt samfunnsoppdrag er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. Vi tilbyr spennande arbeidsoppgåver i ein organisasjon i stadig endring.

 

Vareførselsdivisjonen (VD) skal leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer for næringslivet og privatpersonar. Divisjonen jobbar med både førebygging og kontroll for å sikre etterleving av regelverket.

 

Divisjonen er organisert etter fagområde, og alle einingane har eit nasjonalt ansvar for dei respektive områda sine. Prosedyreseksjonen er ein av seks seksjonar i regelavdelinga. Seksjonen har eit nasjonalt ansvar for prosedyreoppfølging og dessutan eit særleg ansvar for å behandle og følgje opp saker som gjeld brot på immaterielle rettar. I tillegg utarbeider seksjonen forslag til regelverksendringar, førbur og behandlar klagesaker.

 

Samhandling og samarbeid både i og utanfor etaten er viktig og seksjonen har til dømes ansvar for samarbeid med Patenstyret i arbeidet med falske merkevarar (IPR) og kontakt mot Statistisk sentralbyrå og andre offentlege myndigheiter.

 

Som leiar vil du ha eit heilskapleg ansvar for å leie seksjonen administrativt og fagleg. Stillinga rapporterer til avdelingsdirektøren for regelavdelinga. Det inngår undervisnings- og foredragsoppgåver i stillinga, og du må rekne med at det kan bli noko reising.

 

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • hovudansvar for dei oppgåver som til en kvar tid er lagt til eininga
  • personal- og leiaransvar for medarbeidarane i eninga
  • fag- og resultatansvar for alle oppgåver i eininga 
  • samarbeide med andre einingar internt i etaten og med aktuelle eksterne samarbeidspartnarar

 

Kvalifikasjonar:

  • fullført bachelorgrad (bestått fordjupingsnivå på Tolletatens kompetansesenter og svært god realkompetanse kan erstatte kravet om bachelorgrad)
  • relevant leiarerfaring
  • erfaring frå arbeid med budsjett- og resultatansvar
  • god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk

 

Vi søkjer deg som:

  • har god organisasjons- og heilskapsforståing
  • har gode samarbeidsevner
  • er mål-, resultat- og utviklingsorientert
  • har høg arbeidskapasitet og leveranseevne

 

Leiarplakaten til Tolletaten kommuniserer leiingsprinsipp som er retningsgivande for leiarane våre. Som leiar i Tolletaten er det nødvendig at du løftar blikket, er ein god rollemodell og bidreg til verdiskapande samfunnsvern ved å gjennomføre, utvikle og samhandle. Vidare er det viktig at du har høg integritet, er løysingsorientert og har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø.

 

Kva kan vi tilby deg?

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • gode høve til utvikling i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • fleksibel arbeidstidsordning og trening i arbeidstida
  • pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • arbeidsplass sentralt i Trondheim
  • lønn som seksjonssjef etter statens lønnsregulativ, lønnsspenn frå kr 750 000 til 850 000 (for spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast)

 

Vi nyttar SEMAC bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar.

 

Meir informasjon om stillinga får du ved å kontakte avdelingsdirektør Anna Kirkeluten på tlf. 922 17 079.

 

Inkludering og mangfald
I Tolletaten er vi opptekne av mangfald, og vi ønskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. For å kunne utføre samfunnsoppdraget vårt best mogleg treng vi medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring og kompetanse og med ulike perspektiv. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Arbeidsområde:  Ledelse
Heltid/Deltid:  Heltid
Stillingstype:  Fast
By: 

Ranheim, NO, 7053

Søknadsfrist:  01.12.2022